fredag 18. februar 2011

Å lære i tida

Skal ein henge med, må ein prøve å følgje med i tida, tenkjer eg. Det gjeld på så mange område - også i skulen. Nye tider krev nytt verktøy; nye reiskapar som eignar seg betre til læring for dei som er unge i dag. IKT-verktøy og Web 2.0 er reiskapar for skulen på 2000-talet, slik kulepenn og papir var det på 1900-talet. Slik eg ser det, betyr det likevel ikkje at alt i "den gamle skulen" treng kastast over bord. Mange av prinsippa for læring er som i gamle dagar. Å lære basiskunnskap i ulike fag er til dømes nødvendig for å finne vegen vidare, og for å forstå, tolke og orientere seg i ei stadig meir fragmentert verd. I skulen som andre stader handlar det om å ta med seg det beste frå fortida og tilpasse det til den tida vi lever i.

Noko av det mest spennande er at nye IKT-verktøy langt på veg opphevar skiljet mellom sentrum og utkant. Vi som bur i distrikta bør meir enn nokon andre gripe sjansen og ta i bruk dei nye verktøya, for dei kan vere både desentraliserande og demokratiserande. Det einaste kravet er at ein må ha tilgang til nettet, gruppa eller det virtuelle klasserommet. Vi opplever no ein demokratisk delingskultur som forandrar samfunnet, hevdar tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Heidi Grande Røys (red) i forordet til boka "Delte meninger". I boka blir det også hevda at interaktiv skriving, med tilbakemeldingar og tekstforbetringar, gir betre læring. Det trur eg på, for det er ein variant av noko eg sjølv og mange andre lærarar har erfart tidlegare: at prosessorientert skriving gir resultat.

Den moderne skulen er ikkje lenger fysisk bunden i tid og rom av skulebygningen og timeplanane. Det virtuelle klasserommet er der heile døgnet. Det er opp til læraren og elevane å avgjere når aktiviteten skal føregå. Eleven kan like gjerne laste opp norskinnleveringa si digitalt på læringsplattforma klokka 11 om kvelden som å levere utskrifta i handa til læraren i skuletimen klokka 11 om dagen. Fleksibiliteten er ein fordel; problemet både for lærar og elevar vert heller å setje grenser for eiga arbeidstid. Det er ikkje heilt enkelt i internettalderen.

I eit samfunn med store krav til samarbeid og samhandling er det viktig at elevar uansett alder ikkje berre arbeider åleine, men også lærer seg å samarbeide. Gruppearbeid og prosjektarbeid har litt ulik vektlegging og status til ulike tider. Kunnskapsløftet legg opp til metodefridom for læraren, og mitt inntrykk er det er mindre gruppearbeid i vidaregåande skule no enn under Reform -94. Dels trur eg det er ein reaksjon mot påtvinga prosjektmakeri. Forklaringa kan også vere at gruppearbeid er vanskelegare eller meir tidkrevjande å vurdere. Uansett, moderne IKT-verktøy og eit planleggings-, samskrivings- og kommunikasjonsverktøy som til dømes Google dokument er ei nyvinning for alle som skal arbeide saman i gruppe: Det meste av jobben kan gjerast utan å møtast fysisk i tid og rom. Samarbeidet kan i staden føregå på nettet. For ungdom som alt i mange år har kommunisert i sanntid via ulike chatteprogram som MSN og sosiale nettverk som Facebook, er det kanskje berre eit lite steg vidare i tida. For oss som er ein generasjon eldre er det ein revolusjon om vi samanliknar med vår eiga skuletid.

Frå student-tida på slutten av 70-talet hugsar eg korleis vi ordna oss då vi skulle ha gruppe-eksamen i pedagogikk over tre dagar. Det var knapt med grupperom, men via nettverket til ein klassekamerat var vi så heldige å få låne eit møtelokale i Bergen sentrum. Der hadde gruppa vår ein fast møtestad med god plass til faglege diskusjonar over kaffikoppar, fagbøker og skrivesaker. Etter tre dagar med mykje jobbing og lite søvn leverte vi ei fyldig maskinskriven oppgåve som vi fekk god karakter på.
Sjølv hadde eg før eksamen skrapt saman tusen kroner til ei brukt elektrisk skrivemaskin for å vere i tida. Vinteren før hadde eg teke eit skrivekurs i touch-metoden, noko som i ettertid skulle vise seg å vere noko av det smartaste eg kunne ha gjort. For det gjekk ikkje mange år før datamaskinene gjorde sitt inntog, og det å jobbe fleire timar om dagen på tastaturet vart ein vane.

Trekkjer ein linjene til dagens unge, kan ein jo saktens spørje korleis dei får tastaturet inn i fingrane, og då helst ved å bruke meir enn to. Trening må til sjølvsagt, men utan rettleiing er det fare for å leggje seg til unotar, og skal dei unge vere i tida på det området bør dei lære seg å jobbe raskt og avslappa ved å bruke alle fingane. Kanskje skulle rein fingerferdigheit ha vore sterkare vektlagt i IKT-opplæringa i grunnskulen, som ein parallell til vektlegginga av skjønnskriving då eg gjekk i barneskulen på 60-talet.

Effektiv bruk av tastaturet er utan tvil ein del av basiskompetansen, men ut frå kartlegginga ITU-monitor (2003-2009) kan eg ikkje sjå om det er etterspurt som ein del av dei grunnleggande ferdigheitene i læreplanane. Men som Krumsvik (2008) påpeikar er det så vagt formulert kva som er grunnleggande ferdigheiter at det er stort rom for lærarar og skuleleiarar til å komme med eigne tolkingar. Det er ei ulempe, og trongen for å konkretisere og utarbeide kjenneteikn på måloppnåing er nok like stor her som når det gjeld t.d. munnleg framføring. Det legg vi opp til at våre elevar skal ha gruppevis etter at dei har samarbeidd i Google dokument, lært fagteori, sett og analysert ein spelefilm og laga ein presentasjon i lag.

Hovudpoenget her er at dagens elevar og studentar med moderne samskrivingsverktøy som Google dokument slepp å sitje fysisk saman i ei gruppe sjølv om det er eit gruppeprodukt dei skal levere eller presentere. Dei kan då halde fram gruppearbeidet heime etter skuletid sjølv om dei bur på kvar si side av fjord og fjell. Ut frå det eg har erfart i arbeidet med det "arbeidskravet" vi fekk i denne oppgåva, er min konklusjon at "Google dokument" er eit godt verktøy som tilfredsstiller krava i tida inntil det kjem noko nytt og endå betre, for det er nærmast ei naturlov i IKT-verda at det skjer. Og nettopp der er eitt av hovudproblema: Endringane skjer så fort at det er krevjande å henge med i tida, ikkje minst for oss som arbeider i skulen og som ikkje er heilt unge lenger.

I gruppearbeid er det nok framleis ein fordel å møtast andlet til andlet for å diskutere alternative løysingar før ein lagar ein grovplan for arbeidet og kjem skikkeleg i gang, men det kan også ordnast via chattefunksjonen i programmet. Og dermed har ein langt på veg oppheva trongen for å møtast fysisk for å arbeide saman i ei gruppe. I staden kan elevane samarbeide effektivt på ein virtuell møtestad på den store, demokratiserande og desentraliserande verdsveven. Det er synonymt med å vere i tida i skulen anno 2011.

Kjelder:
ITU Monitor 2009: Skolens digitale tilstand.
Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag.

Google-gruppe om film

Vi har fått i oppgåve å planlegge eit gruppearbeid der elevane skal bruke Google dokument. Roar, Ann Lisbeth, Gro og eg, Rune, er alle norsklærarar. Vi valde difor å lage eit undervisningsopplegg som kan brukast i det faget, og enda opp med å satse på eit gruppearbeid i filmkunnskap, med fordjuping i spelefilmen "De usynlige".

Filmkunnskap er eitt av læreplanmåla i norsk på Vg1. Med tilpassing vil dette opplegget også kunne brukast på andre klassesteg. Lenkje til læreplanen i norsk.
I gruppa vår samarbeidde vi i Google dokument om korleis vi kunne legge opp gruppearbeidet, kva film elevane skulle jobbe med, korleis dei kunne få ei innføring i film-teori og korleis vi skulle vurdere arbeidet deira. Vi laga ei grovskisse i dette arbeidsdokumentet

Vi meiner å ha etterkomme krava i oppgåva om at elevane skal løyse arbeidsoppgåver i grupper, og at dei skal bruke google dokument til dette. Vi legg vidare opp til at gruppearbeidet skal munne ut i framføring for klassen der gruppene mellom anna skal bruke presentasjonsverktøyet i Google dokument.

Eg har sjølv laga vurderingskriterium til den munnlege framføringa elevane skal ha. Lenkje ligg i presentasjonen vår.

Tanken er at elevgruppene skal vere med på å vurdere framføringa dei andre gruppene i klassen har. Ein kan til dømes ha ei kort vurderingsøkt etter kvar framføring. Læraren kan samanfatte gruppevurderingar og si eiga vurdering til ein karakter. Dette har eg nyleg prøvd i praksis i ein klasse på Vg2, og det fungerte fint og var lærerikt for elevane.

I lærargruppa vår legg vi opp til å bruke presentasjonsverktøyet i Google til å forklare arbeidsgangen og det viktigaste teoristoffet for elevane.

Lenkje her: