fredag 13. mai 2011

Trygg veg i informasjonsjungelen

Informasjonskompetanse er overskrifta på det vi har jobba med i denne innleveringa. Teoretisk og praktisk kunnskap om korleis ein finn, sorterer og vurderer informasjon er ei grunnleggande ferdigheit som blir stadig viktigare i det digitale informasjonssamfunnet vi lever i. For det er ein jungel av informasjon der ute på den store verdsveven. Stadig fleire ytrar seg på ulike måtar på nettet. Det er bra. Men det er ikkje alt som er like viktig, like relevant eller like påliteleg. Difor er det viktig med gode reiskapar for å finne det ein treng eller er på jakt etter.

Å lage bokmerke med Diigo var nytt for meg. Eg har opplevd det som praktisk og nyttig. Wiki har eg prøvd litt før, og norskelevane mine har samskrive med EtherPad. Wiki  er funksjonelt og greitt til sitt bruk. Slik eg vurderer det, er både sosial bokmerking og samskriving særs relevant i skulesamanheng.

Det heilt grunnleggande viktige som elevar må lære, er å finne informasjon som er til å stole på, og som eignar seg til den oppgåva dei jobbar med.  Då må læraren leie elevane inn på ein trygg veg til informasjonskompetanse, til dømes gjennom VIKO. Arbeid med kjeldekritikk er heilt grunnleggande for å finne informasjon som er til å stole på. Mine eigne elevar på Dale vgs har blant anna brukt Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA. Med dette grunnlaget i botnen, står elevane straks betre rusta når dei skal leite etter påliteleg og eigneleg informasjon på verdsveven.

Det er mykje å passe på, og sjølvsagt finst det lover og reglar som ein må halde seg til. Reglar for korleis ein skal sitere og oppgje kjelder, og for kva ein har lov til å bruke og offentleggjere, t.d. når det gjeld åndsverk.

Korleis har eg opplevd arbeidet med denne innleveringa? Litt både-og på grunn av datatekniske problem. Først fekk eg problem med tilgang til wiki-kontoen eg oppretta, truleg fordi eg gjekk tilbake til den nettlesaren eg vanlegvis brukar. Eg oppretta ein ny konto, og det ordna seg. Elles har arbeidet vore lærerikt, og samarbeidet i gruppa har fungert godt.
I det siste har Blogger.com vore ustabilt eller utilgjengeleg i fleire dagar like før innleveringsfristen. Det førte til at bloggen eg skreiv ferdig onsdag kveld er borte vekk. I kveld (fredag) skulle eg berre sjekke at alt var i orden i innleveringsmappa i Fronter, og då viste det seg at den bloggen som låg der ikkje let seg opne. Det som låg der var eit upublisert halvferdig råutkast som eg skreiv på måndag. Det er faktisk litt irriterande, når alt var ferdig levert onsdag. Vel, det er fredag kveld, eg har bursdag, og eg brukar ikkje meir tid på dette no. Det får vere som det er.
Lenkje til wikien og til Diigo-gruppa.

onsdag 23. mars 2011

Delingskultur i skulen: Frå mitt til vårt?

Språk kan vere avslørande. Språk er makt, og språk kan avsløre maktforhold. Spør du ein tilfeldig lærar om jobben hans, bør du ikkje bli overraska om han svarar med vendingar som "faga mine", "timane mine", "klassen min" og "klasserommet mitt".

Faga MINE? Klassen MIN? Timane MINE? Klasserommet MITT? Det er vel ingen som eig faga, klassen og timane; i så fall må det vere eit stort sameige og omtalast VÅRE eller VÅR. Klasseromma i vidaregånde er det ikkje læraren som eig. Det gjer fylkeskommunen, men som tilsett kan ein kanskje med litt velvilje seie at dei er VÅRE. Berre litt tankelause talemåtar då? Kanskje det. Men eg trur språkbruken speglar av ein kultur i skuleverket: Den individualiserte læraren; sjefen i klasserommet som er van med å gjere ting på sin måte.

Kva så? Klart læraren skal vere leiar i klasserommet i timane han underviser der. Tydeleg klasseromsleiing er ein føresetnad for skikkelege arbeidsforhold og god læring for elevane. Det betyr ikkje at læraren skal vere diktator og bestemme alt åleine. I den gamle skulen var det ofte slik. I dag må læraren vere ein tydeleg og demokratisk leiar på same tid; nærmast ein ordførar med evne til å lytte til innspel frå elevane og la dei få medverknad.

Bruken av eigedomspronomenet MIN i staden for VÅR fortel også noko om ein annan tradisjon i skulen: at det har vore ein einsam jobb å vere lærar. Einsam i tydinga einaste vaksenperson med ansvar for ein flokk born eller unge i løpet av ei viss tid på dagen. Einsam fordi han måtte planlegge undervisninga åleine, gjennomføre timane åleine og gjere etterarbeidet åleine. Det var ingen andre å dele det med. I alle fall ikkje på ein liten skule.

I barneskulen har det endra seg noko. Der er det no større grad av forpliktande samarbeid i klasseteam, - lærarar som deler på ansvaret og til dømes legg ein grovplan for ein undervisningsbolk saman. I vidaregåande skule er faglærartradisjonen i stor grad som før fordi lærarane må ha sterkare fagleg spesialisering. Det medfører at det er mange faglærarar som til saman står for opplæringa i kvar klasse, med den fragmenteringa som er ulempa med det. På  klasselærarmøta må kontaktlæraren prøve å samle trådane og ha elevane i fokus, og samarbeidet i fagseksjonar og fagnettverk handlar gjerne mest om overordna faglege spørsmål av felles interesse. Åleine att etter møta sit den individualiserte faglæraren. Kanskje ikkje så rart likevel då at han seier: "Faga mine, klassen min, og timane mine"?

Eg trur dette forklarer kvifor det lenge har vore ein svak kultur for deling i skuleverket. For det meiner eg er meir enn ein påstand. Det er eit forståeleg faktum.

Få eller ingen å dele arbeidet med betyr vel ingen delingskultur, då? Nei, det er å ta for hardt i. På skular med fleire enn ein lærar er det ikkje uvanleg med uformell idemyldring og deling med lærarar som underviser på same årssteget, og då helst dei som har same faget: Lærarar som ein kjenner, stolar på og kanskje reknar med å få att noko tilbake frå om ein gir eller delar noko med dei. "Eg kan lage den presentasjonen som vi treng i morgon, og så begynner du kanskje på dei oppgåvene som vi må ha klar i neste veke?" Denne lokale delingskulturen vert forsterka om lærarar som underviser i same faga er samla på same kontoret eller i same kontorlandskapet slik dei til dømes er på vår skule.

Eg meiner vi må ha meir av dette, og vi bør våge å dele med dei som vi ikkje kjenner så godt. På vår skule har vi lenge samarbeidd på klassenivå om undervegs- og sluttvurderinga (innleverings- og prøveplan) for å gje elevane ei rimeleg arbeidsfordeling. På fagseksjonsnivå diskuterer vi mellom anna kjenneteikn på måloppnåing for å forbetre vurderingsarbeidet, og vi tek opp innspel frå fagnettverka på fylkesplan. På skulenivå har vi også ressursrom for lærarar i Classfronter der vi deler årsplanar, presentasjonar, prøvar o.l.
På fylkesnivå er det god delingskultur i fleire nettverksgrupper, men det varierer frå gruppe til gruppe om ein skal tru tilbakemeldingane. Uansett trur eg vi er på rett veg i skulen på dette området. For lærarar som for elevar er det mykje god læring i å samhandle med andre, uansett om det er i idefasen, i planleggsfasen, i gjennomføringa av opplæringa eller i undervegs- og sluttvurderinga. Det er også nødvendig for å kvalitetssikre at elevane får mest mogeleg lik og rettferdig handsaming.

Pc, nettverktøy og sosiale medium gjer at det er blitt mykje lettare å få til ein delingskultur i skulen. No kan ein eigentleg samarbeide eller dele med kven som helst, kvar som helst og når som helst, t.d. ved å melde seg inn i ei av dei mange faggruppene som finst på nettet. I alle fall er det slik i teorien. Framleis trur eg kjennskap til den ein skal dele med gjer det lettare å få det til i praksis.

Det vesle undervisningsopplegget som eg delte med norskgruppa i "Del&bruk" fekk eg få innspel på, men den responsen eg fekk var positiv. Eg hadde heller ikkje venta så mange innspel, sidan eg er ny medlem av gruppa og undervisningsopplegget i seg sjølv er avgrensa og enkelt. Men få innspel kan også vere eit uttrykk for det eg har vore inne på tidlegare; at det er mindre fruktbart å dele med nokon ein ikkje kjenner. Det kan kanskje også tolkast slik at nettverka innanfor Del&bruk berre delvis er aktive og attraktive, kanskje fordi det tek mykje tid å engasjere seg i sosiale medium.
Det er lærerikt og positivt å dele med andre, men eg trur det ligg eit bremsande element både i tidsbruken og i aksen avstand-nærleik og ukjend-kjend som som eg har omtalt tidlegare. Lærarar flest er nok mest interesserte i å dele med dei som dei kjenner eller trur dei kan få noko tilbake frå ein annan gong. "Klør du meg på ryggen i dag, så kan eg klø deg på ryggen i morgon." Om dette er endå eit bevis på at vi er i nær slekt med apene, skal eg ikkje uttale meg om. Men som i evolusjonslæra trur eg det er ei utvikling i delingskulturen i skulen. Ei positiv utvikling frå "mine undervisningsopplegg i mine timar på min skule" til "våre undervisningsopplegg i våre timar på våre skular". Gode idear og strukturerte undervisningsopplegg kan spreiast til mange. Det kan resultere i godt pedagogisk utviklingsarbeid, og viss ein lærar deler med fleire andre bør han kunne få att minst like mykje som ein gir. Dette kan rett og slett gjere det lettare å overleve i skulen i framtida. Lettare for dei digitale lærarane som tilpassar seg forholda i den nye skulekvardagen, vel å merke. Evolusjonslæra verkar kanskje på dette området også.


mandag 14. mars 2011

Betre nynorsk med EtherPad?

Problemstilling: Korleis kan eit samskrivingsverktøy som EtherPad hjelpe elevar i vgs til å skrive betre nynorsk?

Det vesle undervisningsopplegget eg skisserer her er ein del av vidareutdanning i praktisk bruk av nettverktøy/ sosiale medium i undervisninga i vidaregåande skule. Heilt til slutt finn du lenkje til EtherPad-sida som eg har brukt i ein Vg2-klasse. Eg set pris på å få kommentarar og innspel til arbeidet!


Planlegging av læring med bruk av webtenester/sosiale medium:
Klassetrinn: Norsk Vg2 studiespesialisering. Kan brukast på ulike trinn i norskfaget. Hovudmål eller sidemål. Same metoden kan brukast i språkfag.
Periode/timar du planlegg for: 2 (dobbeltime)
Type klasserom/tilgang til teknisk utstyr: Elevpc til kvar elev, lærarpc og prosjektør.

Dei mest relevante kompetansemåla: Skriftlige tekster: Målet for opplæringen er at eleven skal kunne….
Vg1:
mestre ulike skriverroller som finnes i skole, samfunn og arbeidsliv
skrive fagtekster knyttet til eget utdanningsprogram

Vg2:
skrive essay, litterære tolkninger og andre resonnerende tekster på bokmål og nynorsk, med utgangspunkt i litterære tekster og norsk tekst- og språkhistorie

Vg3:
beherske formverk og tekstbinding på bokmål og nynorsk
skrive fagtekster etter vanlige normer for fagskriving på bokmål og nynorsk.

Fagleg innhald (ressursar: bok, nett):Bruk av EtherPad til å forbetre språket (i dette tilfellet nynorsken) i klassens norskinnleveringar.
Ordbok på nett, lærebok og/eller norsksidene på NDLA bør vere tilgjengeleg.

Undervisnings- og arbeidsmetodar: Kort presentasjon av oppgåva for klassen: Elevane skal arbeide med å forbetre språket i utvalde setningar som læraren på førehand har plukka ut frå heimestilane deira og gjort klar i EtherPad: “Slik skriv vi”. 1-2 setningar frå kvar innlevering. Læraren har anonymisert og nummerert setningane.
Elevane blir i starten av arbeidsøkta fordelte slik at kvar elev i utgangspunktet jobbar grundig med 2-3 setningar. Fleire om dei rekk det.
På slutten av økta: Oppsummering i samla klasse ved hjelp av prosjektør. Elevane må etter tur forklare og grunngje rettingar og forbetringar. Læraren og medelevar korrigerer og vurderer.
Vurdering:
Fortløpande tilbakemelding (undervegsvurdering) på elevforslaga ved gjennomgang i klassen. Arbeidet er ledd i ein prosess med å forbetre språket i norskinnleveringar, og elevane bør levere inn eit nytt utkast av sitt eige arbeid etterpå (på læringsplattforma). Dette kan evt. vurderast på nytt som innlevering 2 (prosessorientert: av lærar og/eller elevar).

Elev - lærerføresetnad:Ether Pad som verktøy må vere kjent eller gjerast kjent for elevane.
Elevane har levert norskstilar, og læraren har vurdert og gjort ferdig detaljkommentarane til kvar elevtekst før denne undervisningsøkta. Frå kvart elevarbeid har læraren plukka ut 1-2 setningar som treng rettast eller forbetrast språkleg. Det ligg lenkje til EtherPad-sida eller sidene i norskrommet på læringsplattforma. Elevane jobbar med å forbetre språket, og må ved gjennomgang i klassen forklare kva endringar dei har gjort, og kvifor. Tanken er at dette kan skape språkleg fokus og større medvit om godt og dårleg språk. Elevane arbeider deretter vidare heime eller på skulen med å forbetre språket eller skrive eit heilt nytt utkast av si eiga innlevering.
EtherPad-sida finn du her: http://norsk2sta.ietherpad.com/1

fredag 18. februar 2011

Å lære i tida

Skal ein henge med, må ein prøve å følgje med i tida, tenkjer eg. Det gjeld på så mange område - også i skulen. Nye tider krev nytt verktøy; nye reiskapar som eignar seg betre til læring for dei som er unge i dag. IKT-verktøy og Web 2.0 er reiskapar for skulen på 2000-talet, slik kulepenn og papir var det på 1900-talet. Slik eg ser det, betyr det likevel ikkje at alt i "den gamle skulen" treng kastast over bord. Mange av prinsippa for læring er som i gamle dagar. Å lære basiskunnskap i ulike fag er til dømes nødvendig for å finne vegen vidare, og for å forstå, tolke og orientere seg i ei stadig meir fragmentert verd. I skulen som andre stader handlar det om å ta med seg det beste frå fortida og tilpasse det til den tida vi lever i.

Noko av det mest spennande er at nye IKT-verktøy langt på veg opphevar skiljet mellom sentrum og utkant. Vi som bur i distrikta bør meir enn nokon andre gripe sjansen og ta i bruk dei nye verktøya, for dei kan vere både desentraliserande og demokratiserande. Det einaste kravet er at ein må ha tilgang til nettet, gruppa eller det virtuelle klasserommet. Vi opplever no ein demokratisk delingskultur som forandrar samfunnet, hevdar tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Heidi Grande Røys (red) i forordet til boka "Delte meninger". I boka blir det også hevda at interaktiv skriving, med tilbakemeldingar og tekstforbetringar, gir betre læring. Det trur eg på, for det er ein variant av noko eg sjølv og mange andre lærarar har erfart tidlegare: at prosessorientert skriving gir resultat.

Den moderne skulen er ikkje lenger fysisk bunden i tid og rom av skulebygningen og timeplanane. Det virtuelle klasserommet er der heile døgnet. Det er opp til læraren og elevane å avgjere når aktiviteten skal føregå. Eleven kan like gjerne laste opp norskinnleveringa si digitalt på læringsplattforma klokka 11 om kvelden som å levere utskrifta i handa til læraren i skuletimen klokka 11 om dagen. Fleksibiliteten er ein fordel; problemet både for lærar og elevar vert heller å setje grenser for eiga arbeidstid. Det er ikkje heilt enkelt i internettalderen.

I eit samfunn med store krav til samarbeid og samhandling er det viktig at elevar uansett alder ikkje berre arbeider åleine, men også lærer seg å samarbeide. Gruppearbeid og prosjektarbeid har litt ulik vektlegging og status til ulike tider. Kunnskapsløftet legg opp til metodefridom for læraren, og mitt inntrykk er det er mindre gruppearbeid i vidaregåande skule no enn under Reform -94. Dels trur eg det er ein reaksjon mot påtvinga prosjektmakeri. Forklaringa kan også vere at gruppearbeid er vanskelegare eller meir tidkrevjande å vurdere. Uansett, moderne IKT-verktøy og eit planleggings-, samskrivings- og kommunikasjonsverktøy som til dømes Google dokument er ei nyvinning for alle som skal arbeide saman i gruppe: Det meste av jobben kan gjerast utan å møtast fysisk i tid og rom. Samarbeidet kan i staden føregå på nettet. For ungdom som alt i mange år har kommunisert i sanntid via ulike chatteprogram som MSN og sosiale nettverk som Facebook, er det kanskje berre eit lite steg vidare i tida. For oss som er ein generasjon eldre er det ein revolusjon om vi samanliknar med vår eiga skuletid.

Frå student-tida på slutten av 70-talet hugsar eg korleis vi ordna oss då vi skulle ha gruppe-eksamen i pedagogikk over tre dagar. Det var knapt med grupperom, men via nettverket til ein klassekamerat var vi så heldige å få låne eit møtelokale i Bergen sentrum. Der hadde gruppa vår ein fast møtestad med god plass til faglege diskusjonar over kaffikoppar, fagbøker og skrivesaker. Etter tre dagar med mykje jobbing og lite søvn leverte vi ei fyldig maskinskriven oppgåve som vi fekk god karakter på.
Sjølv hadde eg før eksamen skrapt saman tusen kroner til ei brukt elektrisk skrivemaskin for å vere i tida. Vinteren før hadde eg teke eit skrivekurs i touch-metoden, noko som i ettertid skulle vise seg å vere noko av det smartaste eg kunne ha gjort. For det gjekk ikkje mange år før datamaskinene gjorde sitt inntog, og det å jobbe fleire timar om dagen på tastaturet vart ein vane.

Trekkjer ein linjene til dagens unge, kan ein jo saktens spørje korleis dei får tastaturet inn i fingrane, og då helst ved å bruke meir enn to. Trening må til sjølvsagt, men utan rettleiing er det fare for å leggje seg til unotar, og skal dei unge vere i tida på det området bør dei lære seg å jobbe raskt og avslappa ved å bruke alle fingane. Kanskje skulle rein fingerferdigheit ha vore sterkare vektlagt i IKT-opplæringa i grunnskulen, som ein parallell til vektlegginga av skjønnskriving då eg gjekk i barneskulen på 60-talet.

Effektiv bruk av tastaturet er utan tvil ein del av basiskompetansen, men ut frå kartlegginga ITU-monitor (2003-2009) kan eg ikkje sjå om det er etterspurt som ein del av dei grunnleggande ferdigheitene i læreplanane. Men som Krumsvik (2008) påpeikar er det så vagt formulert kva som er grunnleggande ferdigheiter at det er stort rom for lærarar og skuleleiarar til å komme med eigne tolkingar. Det er ei ulempe, og trongen for å konkretisere og utarbeide kjenneteikn på måloppnåing er nok like stor her som når det gjeld t.d. munnleg framføring. Det legg vi opp til at våre elevar skal ha gruppevis etter at dei har samarbeidd i Google dokument, lært fagteori, sett og analysert ein spelefilm og laga ein presentasjon i lag.

Hovudpoenget her er at dagens elevar og studentar med moderne samskrivingsverktøy som Google dokument slepp å sitje fysisk saman i ei gruppe sjølv om det er eit gruppeprodukt dei skal levere eller presentere. Dei kan då halde fram gruppearbeidet heime etter skuletid sjølv om dei bur på kvar si side av fjord og fjell. Ut frå det eg har erfart i arbeidet med det "arbeidskravet" vi fekk i denne oppgåva, er min konklusjon at "Google dokument" er eit godt verktøy som tilfredsstiller krava i tida inntil det kjem noko nytt og endå betre, for det er nærmast ei naturlov i IKT-verda at det skjer. Og nettopp der er eitt av hovudproblema: Endringane skjer så fort at det er krevjande å henge med i tida, ikkje minst for oss som arbeider i skulen og som ikkje er heilt unge lenger.

I gruppearbeid er det nok framleis ein fordel å møtast andlet til andlet for å diskutere alternative løysingar før ein lagar ein grovplan for arbeidet og kjem skikkeleg i gang, men det kan også ordnast via chattefunksjonen i programmet. Og dermed har ein langt på veg oppheva trongen for å møtast fysisk for å arbeide saman i ei gruppe. I staden kan elevane samarbeide effektivt på ein virtuell møtestad på den store, demokratiserande og desentraliserande verdsveven. Det er synonymt med å vere i tida i skulen anno 2011.

Kjelder:
ITU Monitor 2009: Skolens digitale tilstand.
Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag.

Google-gruppe om film

Vi har fått i oppgåve å planlegge eit gruppearbeid der elevane skal bruke Google dokument. Roar, Ann Lisbeth, Gro og eg, Rune, er alle norsklærarar. Vi valde difor å lage eit undervisningsopplegg som kan brukast i det faget, og enda opp med å satse på eit gruppearbeid i filmkunnskap, med fordjuping i spelefilmen "De usynlige".

Filmkunnskap er eitt av læreplanmåla i norsk på Vg1. Med tilpassing vil dette opplegget også kunne brukast på andre klassesteg. Lenkje til læreplanen i norsk.
I gruppa vår samarbeidde vi i Google dokument om korleis vi kunne legge opp gruppearbeidet, kva film elevane skulle jobbe med, korleis dei kunne få ei innføring i film-teori og korleis vi skulle vurdere arbeidet deira. Vi laga ei grovskisse i dette arbeidsdokumentet

Vi meiner å ha etterkomme krava i oppgåva om at elevane skal løyse arbeidsoppgåver i grupper, og at dei skal bruke google dokument til dette. Vi legg vidare opp til at gruppearbeidet skal munne ut i framføring for klassen der gruppene mellom anna skal bruke presentasjonsverktøyet i Google dokument.

Eg har sjølv laga vurderingskriterium til den munnlege framføringa elevane skal ha. Lenkje ligg i presentasjonen vår.

Tanken er at elevgruppene skal vere med på å vurdere framføringa dei andre gruppene i klassen har. Ein kan til dømes ha ei kort vurderingsøkt etter kvar framføring. Læraren kan samanfatte gruppevurderingar og si eiga vurdering til ein karakter. Dette har eg nyleg prøvd i praksis i ein klasse på Vg2, og det fungerte fint og var lærerikt for elevane.

I lærargruppa vår legg vi opp til å bruke presentasjonsverktøyet i Google til å forklare arbeidsgangen og det viktigaste teoristoffet for elevane.

Lenkje her: