fredag 13. mai 2011

Trygg veg i informasjonsjungelen

Informasjonskompetanse er overskrifta på det vi har jobba med i denne innleveringa. Teoretisk og praktisk kunnskap om korleis ein finn, sorterer og vurderer informasjon er ei grunnleggande ferdigheit som blir stadig viktigare i det digitale informasjonssamfunnet vi lever i. For det er ein jungel av informasjon der ute på den store verdsveven. Stadig fleire ytrar seg på ulike måtar på nettet. Det er bra. Men det er ikkje alt som er like viktig, like relevant eller like påliteleg. Difor er det viktig med gode reiskapar for å finne det ein treng eller er på jakt etter.

Å lage bokmerke med Diigo var nytt for meg. Eg har opplevd det som praktisk og nyttig. Wiki har eg prøvd litt før, og norskelevane mine har samskrive med EtherPad. Wiki  er funksjonelt og greitt til sitt bruk. Slik eg vurderer det, er både sosial bokmerking og samskriving særs relevant i skulesamanheng.

Det heilt grunnleggande viktige som elevar må lære, er å finne informasjon som er til å stole på, og som eignar seg til den oppgåva dei jobbar med.  Då må læraren leie elevane inn på ein trygg veg til informasjonskompetanse, til dømes gjennom VIKO. Arbeid med kjeldekritikk er heilt grunnleggande for å finne informasjon som er til å stole på. Mine eigne elevar på Dale vgs har blant anna brukt Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA. Med dette grunnlaget i botnen, står elevane straks betre rusta når dei skal leite etter påliteleg og eigneleg informasjon på verdsveven.

Det er mykje å passe på, og sjølvsagt finst det lover og reglar som ein må halde seg til. Reglar for korleis ein skal sitere og oppgje kjelder, og for kva ein har lov til å bruke og offentleggjere, t.d. når det gjeld åndsverk.

Korleis har eg opplevd arbeidet med denne innleveringa? Litt både-og på grunn av datatekniske problem. Først fekk eg problem med tilgang til wiki-kontoen eg oppretta, truleg fordi eg gjekk tilbake til den nettlesaren eg vanlegvis brukar. Eg oppretta ein ny konto, og det ordna seg. Elles har arbeidet vore lærerikt, og samarbeidet i gruppa har fungert godt.
I det siste har Blogger.com vore ustabilt eller utilgjengeleg i fleire dagar like før innleveringsfristen. Det førte til at bloggen eg skreiv ferdig onsdag kveld er borte vekk. I kveld (fredag) skulle eg berre sjekke at alt var i orden i innleveringsmappa i Fronter, og då viste det seg at den bloggen som låg der ikkje let seg opne. Det som låg der var eit upublisert halvferdig råutkast som eg skreiv på måndag. Det er faktisk litt irriterande, når alt var ferdig levert onsdag. Vel, det er fredag kveld, eg har bursdag, og eg brukar ikkje meir tid på dette no. Det får vere som det er.
Lenkje til wikien og til Diigo-gruppa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar