onsdag 23. mars 2011

Delingskultur i skulen: Frå mitt til vårt?

Språk kan vere avslørande. Språk er makt, og språk kan avsløre maktforhold. Spør du ein tilfeldig lærar om jobben hans, bør du ikkje bli overraska om han svarar med vendingar som "faga mine", "timane mine", "klassen min" og "klasserommet mitt".

Faga MINE? Klassen MIN? Timane MINE? Klasserommet MITT? Det er vel ingen som eig faga, klassen og timane; i så fall må det vere eit stort sameige og omtalast VÅRE eller VÅR. Klasseromma i vidaregånde er det ikkje læraren som eig. Det gjer fylkeskommunen, men som tilsett kan ein kanskje med litt velvilje seie at dei er VÅRE. Berre litt tankelause talemåtar då? Kanskje det. Men eg trur språkbruken speglar av ein kultur i skuleverket: Den individualiserte læraren; sjefen i klasserommet som er van med å gjere ting på sin måte.

Kva så? Klart læraren skal vere leiar i klasserommet i timane han underviser der. Tydeleg klasseromsleiing er ein føresetnad for skikkelege arbeidsforhold og god læring for elevane. Det betyr ikkje at læraren skal vere diktator og bestemme alt åleine. I den gamle skulen var det ofte slik. I dag må læraren vere ein tydeleg og demokratisk leiar på same tid; nærmast ein ordførar med evne til å lytte til innspel frå elevane og la dei få medverknad.

Bruken av eigedomspronomenet MIN i staden for VÅR fortel også noko om ein annan tradisjon i skulen: at det har vore ein einsam jobb å vere lærar. Einsam i tydinga einaste vaksenperson med ansvar for ein flokk born eller unge i løpet av ei viss tid på dagen. Einsam fordi han måtte planlegge undervisninga åleine, gjennomføre timane åleine og gjere etterarbeidet åleine. Det var ingen andre å dele det med. I alle fall ikkje på ein liten skule.

I barneskulen har det endra seg noko. Der er det no større grad av forpliktande samarbeid i klasseteam, - lærarar som deler på ansvaret og til dømes legg ein grovplan for ein undervisningsbolk saman. I vidaregåande skule er faglærartradisjonen i stor grad som før fordi lærarane må ha sterkare fagleg spesialisering. Det medfører at det er mange faglærarar som til saman står for opplæringa i kvar klasse, med den fragmenteringa som er ulempa med det. På  klasselærarmøta må kontaktlæraren prøve å samle trådane og ha elevane i fokus, og samarbeidet i fagseksjonar og fagnettverk handlar gjerne mest om overordna faglege spørsmål av felles interesse. Åleine att etter møta sit den individualiserte faglæraren. Kanskje ikkje så rart likevel då at han seier: "Faga mine, klassen min, og timane mine"?

Eg trur dette forklarer kvifor det lenge har vore ein svak kultur for deling i skuleverket. For det meiner eg er meir enn ein påstand. Det er eit forståeleg faktum.

Få eller ingen å dele arbeidet med betyr vel ingen delingskultur, då? Nei, det er å ta for hardt i. På skular med fleire enn ein lærar er det ikkje uvanleg med uformell idemyldring og deling med lærarar som underviser på same årssteget, og då helst dei som har same faget: Lærarar som ein kjenner, stolar på og kanskje reknar med å få att noko tilbake frå om ein gir eller delar noko med dei. "Eg kan lage den presentasjonen som vi treng i morgon, og så begynner du kanskje på dei oppgåvene som vi må ha klar i neste veke?" Denne lokale delingskulturen vert forsterka om lærarar som underviser i same faga er samla på same kontoret eller i same kontorlandskapet slik dei til dømes er på vår skule.

Eg meiner vi må ha meir av dette, og vi bør våge å dele med dei som vi ikkje kjenner så godt. På vår skule har vi lenge samarbeidd på klassenivå om undervegs- og sluttvurderinga (innleverings- og prøveplan) for å gje elevane ei rimeleg arbeidsfordeling. På fagseksjonsnivå diskuterer vi mellom anna kjenneteikn på måloppnåing for å forbetre vurderingsarbeidet, og vi tek opp innspel frå fagnettverka på fylkesplan. På skulenivå har vi også ressursrom for lærarar i Classfronter der vi deler årsplanar, presentasjonar, prøvar o.l.
På fylkesnivå er det god delingskultur i fleire nettverksgrupper, men det varierer frå gruppe til gruppe om ein skal tru tilbakemeldingane. Uansett trur eg vi er på rett veg i skulen på dette området. For lærarar som for elevar er det mykje god læring i å samhandle med andre, uansett om det er i idefasen, i planleggsfasen, i gjennomføringa av opplæringa eller i undervegs- og sluttvurderinga. Det er også nødvendig for å kvalitetssikre at elevane får mest mogeleg lik og rettferdig handsaming.

Pc, nettverktøy og sosiale medium gjer at det er blitt mykje lettare å få til ein delingskultur i skulen. No kan ein eigentleg samarbeide eller dele med kven som helst, kvar som helst og når som helst, t.d. ved å melde seg inn i ei av dei mange faggruppene som finst på nettet. I alle fall er det slik i teorien. Framleis trur eg kjennskap til den ein skal dele med gjer det lettare å få det til i praksis.

Det vesle undervisningsopplegget som eg delte med norskgruppa i "Del&bruk" fekk eg få innspel på, men den responsen eg fekk var positiv. Eg hadde heller ikkje venta så mange innspel, sidan eg er ny medlem av gruppa og undervisningsopplegget i seg sjølv er avgrensa og enkelt. Men få innspel kan også vere eit uttrykk for det eg har vore inne på tidlegare; at det er mindre fruktbart å dele med nokon ein ikkje kjenner. Det kan kanskje også tolkast slik at nettverka innanfor Del&bruk berre delvis er aktive og attraktive, kanskje fordi det tek mykje tid å engasjere seg i sosiale medium.
Det er lærerikt og positivt å dele med andre, men eg trur det ligg eit bremsande element både i tidsbruken og i aksen avstand-nærleik og ukjend-kjend som som eg har omtalt tidlegare. Lærarar flest er nok mest interesserte i å dele med dei som dei kjenner eller trur dei kan få noko tilbake frå ein annan gong. "Klør du meg på ryggen i dag, så kan eg klø deg på ryggen i morgon." Om dette er endå eit bevis på at vi er i nær slekt med apene, skal eg ikkje uttale meg om. Men som i evolusjonslæra trur eg det er ei utvikling i delingskulturen i skulen. Ei positiv utvikling frå "mine undervisningsopplegg i mine timar på min skule" til "våre undervisningsopplegg i våre timar på våre skular". Gode idear og strukturerte undervisningsopplegg kan spreiast til mange. Det kan resultere i godt pedagogisk utviklingsarbeid, og viss ein lærar deler med fleire andre bør han kunne få att minst like mykje som ein gir. Dette kan rett og slett gjere det lettare å overleve i skulen i framtida. Lettare for dei digitale lærarane som tilpassar seg forholda i den nye skulekvardagen, vel å merke. Evolusjonslæra verkar kanskje på dette området også.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar